Hå Historielag er ein lokal, frivillig organisasjon for historieinteresserte av alle slag.
Hå Historie- og ættesogelag vart stifta 12.april 1978. Laget ønska å femna vidt apell til mange. Det skulle vera eit lag for menneske med alle slags kulturelle interesser. Sverre Kvadsheim og Bjørn Agnar Wegge var sentrale i etableringa. Seinare vart namnet skifta til Hå Historielag. Informasjon frå jubileumsheftet: «Frå nord til sør i Hå – Historiske glimt|Hå Historie- og ættesogelag 25 år 1978-2003″
VEDTEKTER
§ 1 Laget har til formål å fremme interesse og arbeide for lokalhistorie og ættegransking.
Viktige delmål blir:
a) Opplysningsarbeid
b) Museumsarbeid
c) Gransking